Når barn og unge treng hjelp

Sunnfjord kommune skal vere ei trygg kommune å vekse opp i. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at alle ikkje har det så bra. For å sikre at alle barn og unge får den hjelpa dei treng, jobbar tilsette i vår kommune etter BTI-modellen.

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med
Politi Nødnummer 112 eller Barnevernstenesta 57 72 21 30 (dagtid) eller 474 57 272 (utanom kontortid).