Svangerskapsomsorga
Svangerskapet er ei viktig tid i livet både for dykk som skal bli foreldre, og for barnet som skal komme.
Som gravid kan du velge om du vil ha oppfølging hjå jordmor og/eller fastlege. Tilbodet er gratis.
Det er tilbod om svangerskapsomsorg ved alle helsestasjonar og legesenter i kommunen.
Meir informasjon finn du på heimesida til kommunen: Jordmor og svangerskapskontroll
Helsestasjon 0-5 år
Barn under skulealder får tilbod om oppfølging og faste kontrollar hos helsesjukepleiar og lege på helsestasjonen.
Tilbodet følgjer eit standardisert program med 14 konsultasjonar frå fødsel til 4 års alder, inkludert heimebesøk ved fødsel. Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen om du har spørsmål eller opplever små og store utfordringar i kvardagen.
Meir informasjon finn du på heimesida til kommunen: Sunnfjord kommune/helsestasjon for barn frå 0 til 5 år.
Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år. Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale. Helsesjukepleiar har faste kontordagar på dei ulike skulane.
Meir informasjon om finn du på heimesida til kommunen: Skulehelsetenesta
Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom opp til 25 år. Her møter du jordmor/helsesjukepleiar og lege. HUSK: vi har teieplikt!
Meir informasjon finn du på heimesida til kommunen: Helsestasjon for ungdom
Legetenesta
Informasjon om legetenesta i Sunnfjord kommune finn du på kommunen si heimeside: http://Legetenesta
Fysioterapitenesta
Sunnfjord kommune har to kommunale fysioterapeutar som arbeider med barn. Tilvising kan skje gjennom fastlege eller barnet sin helsesjukepleiar. Fysioterapeutane samarbeider med og rettleier foreldre, barnehage, skule og helsestasjon.
Meir informasjon finn du på heimesida til kommunen: Fysioterapi
NAV
Barn og unge skal ha ein levestandard og livsvilkår som er tilstrekkeleg for barnet si fysiske, psykiske, åndelige og sosiale utvikling. Barn og unge er spesielt sårbare i vanskelige situasjoner, og NAV-kontoret må sørge for at deira særskilte behov blir ivaretatt i familiens møte med kontoret. Samarbeid med andre instanser vil ofte være nødvendig for å få et helhetlig og samordnet tjenestetilbud; for den enkelte familie og i generell tilrettelegging og forebygging i lokalsamfunnet.
NAV koordinerer samarbeidet rundt gravide med utfordringer knytt til rus.
Barnevern
Bufdir har utarbeida ein nasjonal portal for å melde bekymring til barneverntenesta. Der finn ein skjema både for privat meldar og for offentleg meldar, samt informasjon kring prosessen i ei barnevernssak. Du kjem til portalen ved å gå inn her: Melde frå til barnevernet.
Sunnfjord Barnevernteneste
Postadresse: P.boks 338, 6802 Førde
Besøksadresse: Hafstadvegen 42. Vi held til i 3 etg.
Telefon: 57722130
Opningstid mellom kl. 08.00 og 15.30
Barnevernet sin vakttelefon ved behov for akutthjelp, utanom kontortid:
47 45 72 72
Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)
Meir informasjon om finn du på heimesida til kommunen: Barnevern
Barnehagar og skular
Oversikt over barnehagar og skular i Sunnfjord kommune finn de på heimesida til kommunen: Barnehagar og skular
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
PPT skal hjelpe barn og elevar i alderen 0-16 år med behov for særskilt tilrettelegging. Sunnfjord kommune har eit kompetanseteam for barnehage, som er organisert under PPT. Kompetanseteamet gir rettleiing til barnehagetilsette i høve førebygging og tidleg innsats, barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova, og barn som har vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet grunna nedsett funksjonsevne. Teamet gir òg rettleiing til foreldre.
PPT skal sørge for at det blir utarbeidd ei sakkundig vurdering der lova krev det. Dette gjeld vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule.
Kva gjer PPT-tenesta i Sunnfjord kommune?
- pedagogisk og psykologisk utgreiing
- individuell oppfølging av barn og unge
- rådgiving til foreldre/føresette
- samarbeid med barnehagar og skular
- rettleiing til tilsette i barnehagar og skular
Les meir på nettsidene til Utdanningsdirektoratet om kva PPT gjer
Korleis får vi hjelp frå PPT?
Du kan kontakte PP-tenesta for hjelp med kva som skal vere kartlagt før ei tilvising. For dei som går i barnehage eller skule ønsker vi å bli kontakta gjennom barnehagen eller skulen. Ta direkte kontakt for barn som ikkje går i barnehage.
Vil du ha ein rask innføring i kva spesialpedagogisk hjelp/undervisning er, kva ord og uttrykk betyr og kva du kan forvente av hjelp?
Brosjyra er oversett til 15 ulike språk.
Kontaktinformasjon PPT
- Telefon: 57 82 93 00, kvardagar kl.08-15.30
- Besøksadresse: Hafstadvegen 43, 3.etasje i Rådhuset
- Postadresse: Sunnfjord kommune v/PPT, postboks 338, 6802 Førde
Utekontakt
Du kan ta kontakt med utekontakten når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenge rettleiing, råd og hjelp når det gjeld:
- Skule – Familie – Konfliktar – Rus – Jobb og fritid – Helse
- Eller andre ting som opptek deg nett no.
- Kanskje du er bekymra for ein venn og lurer på kva du skal gjera?
Her kan du vere deg sjølv!
Utekontakten har teieplikt. Det betyr at det vi snakkar om blir mellom oss. Har du eit problem eg synst er veldig alvorlig vil eg diskutere dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpe deg betre enn eg. Utekontakten kan hjelpa deg å komme i kontakt med desse.
Utekontakten bidreg også med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt . Eg samarbeidar med andre som har kontakt med og jobbar for ungdom i Sunnfjord. Dette kan vere skular, fritidsklubbar eller ungdommen sitt eige nettverk.
Terskelen for kontakt er låg!
Utekontakt jobbar på dagtid og er og tilgjengelig nokre kveldar i veka.
Utekontakt: Tove Nedrebø
Tlf: 41530913
Snap: Utekontakt Sunnfjord
Instagram : _utekontakt
Facebook : Utekontakt Sunnfjord.
SLT - koordinator
SLT står for Samordning av Lokale rus og kriminalitetsførebyggande Tiltak. SLT-modellen skal samordne rus og kriminalitetsførebyggande tiltak for barn og unge. Målet er at kommunen sine barn og unge skal få rett hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.
SLT-koordinator skal:
- vere bindeleddet mellom kommunen og politiet
- legge til rette for eit nært og godt samarbeid mellom ulike instansar og profesjonar som er involvert i det lokale rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet.
- bidra til at innsatsen blir retta mot både sosiale miljø, enkeltpersonar og fysiske miljø.
Du kan kontakte SLT-koordinator ved utfordringar både i skule- og fritidsmiljø.
SLT-koordinator: Lillian Vassbotten
Fagutvikling
Tlf: + 47 57612750,
Mob: +47 48008283
Link til SLT plan for Sunnfjord kommune
https://kriminalitetsforebygging.no/slt/