Betre Tverrfaglig Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei undring og/eller uro til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Tidleg innsats handlar om å førebyggje meir og å avdekke vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som vi kjenner ei undring og/eller ei uro for. Tidleg innsats kan både handle om å oppdage vanskar i tidleg alder, og å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vere forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skapar utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle både i å oppdage vanskar og å følgje dei opp. Hjelpetiltaka som vert sette i verk har fokus på å styrke beskyttande faktorar og redusere risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.
Samordna tenester handlar om å betre samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern, tenester for ungdom) i fellesskap skal hjelpe barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur bidrar BTI-modellen til styrkt samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
Foreldreinvolvering handlar om at BTI-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vere ein del av løysinga på eit problem. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale verksemdene/tenestene skal samhandle med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdomen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvere kommunale verksemder/tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
Involveringa av foreldre har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektere det overordna ansvaret foreldra eller andre føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg om at foreldra ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggjande arbeidet med barn og unge.
I kommunikasjonen mellom kommunal teneste(er) og familien, vert ein elektronisk stafettlogg brukt som eit viktig samhandlingsverktøy.
Vanskar knytt til fysisk og psykisk skulemiljø (§ 9A-saker)
I arbeid med 9A-saker er det ifølgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vere eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.
BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.
Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:
Nivå 0: Her avklarar vi om det er grunnlag for uroa
Nivå 1: Beskriv tiltak / innsats innanfor kvar enkelt teneste
Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, som har ansvar for å koordinere den tverrfaglege samhandlinga og dokumentere arbeidet i ein elektronisk stafettlogg.
Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis vi skal gå fram i konkrete tilfelle der vi er uroa for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane vi skal nytte oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
Verktøya er dei konkrete hjelpemidlane vi kan og bør nytte i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltak. Vi snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis vi samtalar med barn og unge til mal for korleis vi kallar inn og gjennomfører møte.
Kompetansen
Ein føresetnad for at vi kan bruke BTI-modellen, er at tilsette i Sunnfjord kommune har kompetanse. Vi snakkar då om to typar kompetanse:
Kompetanse til å forstå og bruke samarbeidsstrukturane i BTI-modellen.
Kompetanse til å utføre oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at vi må ha evner til å oppdage barn/unge/familiar som gir oss ei undring og/eller uro, til å samtale med barn/unge og føresette, og vi må vere i stand til å ha kunnskap om og gjere oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der det er nødvendig.